Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6

Svartedauden i Suldal II

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde.)

Då Svartedauden herja, var det mange stader at mest alle folk strauk med, og mange heimar vart liggjande øyde. Det skal ha butt folk på Stuttemotræ i Bakkamarka, på Oppistovplasset ovom Stegane og på Mæstølen på Kvilldalsdalen.

På Nistov-Bakka i Kvilldal overlevde berre ein gut som heitte Nils. Han gjekk mo åleine og sturde ei heil tid. Men så ein dag kom det ei jenta som heitte Gunvor. Ho kom over heia frå Setesdalen, frå ei bygd der alle hadde stroke med i sotta. Så hadde ho teke heiane fatt og ville finna ut om det kunne vera overlevande andre stader. Nils og Gunvor vart buande i lag og fekk mange bom. Den eldste kalla dei Åsmund, og etter den tid har det ømsna med Nils og Åsmund på den garden.

Då Gunvor døydde, vart ho gravlagd på den staden som den dag i dag vert kalla Gunvore.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *