Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland

Svartedauden i Suldal

Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter kvart.

I Suldal trudde folk at svartedauden var ei gamall kjerring som fór bygdi kring med ei riva i den eine handi og ein lime i hi. Der ho daa bruka limen, der døydde alt; men der ho raka med rivo, fekk sumt liva; for det var alltid eitkvart som vart liggjande att av di det smaug millom tindarne.

Daa sotti var komi so langt upp i dalen som til Osen, daa laut ho hava skyss yver Laagen til Straapa; men ingen var huga paa aa skyssa henne. Jau so var det ein gamall mann som var komen paa at han helst vilde døy. So baud han seg til aa skyssa. Han tok kisteklædi paa seg og rodde yver etter kjerringi; men daa var ho so mild av seg at ho bruka rivo paa Straapa. Den gamle mannen som hadde ført henne, fekk liva og fleire med han.

Paa Berge døydde alt so mer som ein liten unge. Ein dag kom ei ku ut paa Vikebakkarne og rauta so fælt. Daa lagde folk der upp og vilde sjaa kor til stod, og daa fanst det ikkje andre folk livande paa garden en denne vesle ungen.

I Kvildal var det ikkje meir en tri rjukande skorsteinar. Og sameleis var det i dei andre kvervarne. Berre ei hende stova stod der her og der som det rauk av.

Les mer om svrtedauden på wwww.wikipedia.no

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *