Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo

Svartedauden i Time-sokni

Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter kvart.

I Time-sokni var det berre tie mann atter; det er det som bygdi hev fenge namn av. — Like eins fortel dei at Kvinesdal fekk namn at di at der livde att berre eitt kvende, og Mandal av at der berre var ein mann.

Fraa Frøyland i Time bar dei tolv lik paa ein dag.

Del på sosiale medier

Readers comments

  • Gustav Reiersen sier:

    Disse mytene oppstod fordi folk trengte enkle forklaringer. Navnene er mye eldre. Kvinesdal og Mandal har navn etter elvene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *