Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

Svartedauden på Eiken

Det var ikkje folk att på garden Eiken etter Svartedauden. Dei fleste døydde i sotteseng, men nokre kom seg inn på heiene og berga livet.

Segnene seier at det stod eit bryllaup på Eiken i svartedaudstida. Mann av huse var i bryllaupsstova. Då dei hadde benkja seg rundt bryllaupsbordet, såg dei nokre svarte luftdottar. Og med same dei anda i seg, blei dei svartprikka i andletet og døydde der dei sat.

To av bryllaupsfolket rømde til fjells og heldt til der i mange år. Då dei så kom attende til Eiken etter farsotta, var der ikkje folk å sjå. I stova der bryllaupet hadde stade, fann dei att flaskene og ølskålene på bordet, nett som då dei for. Og over bordet og golvet låg bein og knokar etter dei døde.

Ei anna segn fortel at det var komen ein framandkar til Eiken etter sotta og teke hus og gard i eige. Det blei så trette mellom han og odelsmannen om garden. Ingen av dei kunne prova at dei sat med odelsretten, men så blei dei samde om at den som først fann nykelen til kjellardøra skulle eiga garden. Odelsmannen reiste beinast til gøymeplassen, og då framandkaren såg at den andre var kjend, drog han sin veg.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *