Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda

Svartedauden på Folstad i Ørsta…

Illustrasjonsmaleri av Ivan Nikolajevitsj Kramskoj

På Folstad i Ørsta var ein ung gut som levde over Svartedauden. Han såg ikkje andre folk, og ikkje rauk det av ein skorstein, og difor tok han på vandring. Han tok vegen over Krøvelseidet og ned gjennom Vikebygda, men kvar han kom var det ikkje liv å sjå. Kyrkja i Volda stod der øyde. Lufta var klår og ingen vind bles. Han gjekk inn i kyrkja og ringde med klokka både vel og lenge, men tonane døydde vekk utan at nokon reagerte.

Då han kom utav kyrkja og såg seg om, såg han at det steig røyk opp frå ein skorstein i ei stove på Flote i Folkestadbygda. Han fann seg ein båt og rodde over fjorden. Då han kom opp til Flote, sat der ei ung pen jente. Dei slo seg til der i lag, og dei skulle ha mange etterkomarar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *