Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Svartedauden på Nedstrand

Det var ein gong fyr lang tid sidan at det kom ein sjukdom til desse bygderne. Naar han fyrst var komen inn i ei bygd, daa spreiddest han fort utyver, og daa lagdest den eine etter den andre, og snart tok folket til aa døy. Det vart so fælt med lik at dei mest ikkje vanst paa aa grava deim ned etter kvart.

Paa Nedstrand døydde alle folk i svartedauden so nær som ein mann. Han gjekk uppaa eit fjell heiter Himakono og vilde sjaa um han saag røyk nokon stad. Men han kunde ikkje sjaa rjukande skorstein annan stad en i Riskakvervi.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *