Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Svartedauden


Ei tid før Svartedauden fór det ei gamal kjerring med ein sopling og ein mann med ei rive over bygdene her.

Dei stansa ved kvar manns hus.
Sume stader sopte kjerringi. Andre stader raka mannen. Der det vart sopt, døydde alle. Der det vart raka, levde det att nokre.

Føre Svartedauden skulde garden Nordåk i Nord-Aurdal vore uppi Amrud, ei utmarkslåtte, like upp på åseggi, rett upp for garden. Eitt er sikkert, og det er at der syner det restar av åkerlægjor og restar av ein hage med gangar millom rotesengene.

Etter Svartedauden vart Nordåk bygd upp nedi dalen. ja, so har eg høyrt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *