Internt referansenummer: 24.10.2010 – A
Kilde:
FOLKETRU OG FOLKELIV PÅ HÅLOGALAND II
Johan Hveding
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 53
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1944
(Klikk her for å lese Fyreordet til boken)

Svarthamarkongen

Ringvassøya (på Hålogaland) livde det for lang tid sidan ein mann som heitte Per Henriksal. Han var son til ein rikgubbe, og sjølv vann han seg namn framom alle andre. Han var ein ovkar til å renna på ski, og han var vida kjend for andre idrottar mg. Modig og klok var han, og i alt anna og var han framom jamlikingane sine.

På den tid var det på Ringvassøya eit bergtroll som dei kalla Svarthamar-kongen. Svarthamaren er ein bratt og underleg bergknaus som ligg mykje einsleg til — på lag ei mil inne på øya. Her meinte folk at det budde ein stor og mektig bergrise. Sume sa at dei hadde høyrt han, nokre sa at dei hadde sett han, og andre meinte at dei hadde sett buskapen hans der inne med Svarthamaren. Dei kunde og fortelja at mange hadde vorte bergtekne der. Sume hadde vorte verande inne i Svart-hamaren. Andre kom ut att med livet. Men meir eller mindre mein hadde alle fått som bergtekne hadde vore. Folk tala mykje om Svarthamaren, og alle var redde for å koma han retteleg nær.

Ein kveld tett fyre jol var det brudlaup på ein gard i nærhanda. Per var og i brudlaupet. Stemninga var høg i laget, og det vart ikkje spara på drikken. Ved kveldsbordet vart det tala om Svarthamarkongen. Per meinte at det var ingen Svarthamarkonge til; det skulde han visa dei. Andre sa at han burde akta seg og ikkje tala så flåsut. «Eg skal gjerne gå til Svarthamaren om det så er klokka tolv i natt,» sa Per. Mange syntes slikt var ovmodig sagt. Men Per var ikkje den som vilde svika sine ord.

Då klokka var tolv siste natta i brudlaupet, tok han Per stav-skiene på og sette til fjells. Han skulde til Svarthamaren. Sume av gjestene fylgde etter i stor fråstand. Dei vikle sjå om han torde gjera vågespelet. Då Per kom til Svarthamaren ropa han så høgt han vann: «Godmorn, konge i berget!» «Godmorn!» sa det att med eit grovt mæle ein stad inni hamaren. Og så var det nett som noko hosta der inne. Med eitt opna berget seg, og Per visste ikkje ordet av fyrr han var inne i ei stor og fin stova. Det skein av sylv og blenkte av gull både frå vegger og tak. Ei gamal kjerring stod attmed gruva og grov i glørne. Ho sette ein stol bort til Per og bad han sitja. Sidan kom det ei ung, ven gjenta inn og sette eit fat graut framfyre honom, og bad han eta. Men Per skulde ingen mat ha, sa han. Han visste at dersom han åt, så vart han verande i berget, og kom seg aldri ut. — Så kom det ein ovstor mann inn. Per skyna at det måtte vera kongen sjølv. No tykte Per at det var best å korna seg ut. Han reiste seg og gjekk mot døra. Men kongen bad han gje seg folkeleg tid når han no var komen på jolevitjing. Han skulde få smaka joledrikken der i huset. Per hadde aldri sagt nei til ein skjenk, og gjorde det ikkje no heller. Trollet flidde han då eit sylvstaup med ‘vin og bad han drikka. Per tok staupet og heldt det i handa. Han såg vinen var blank og vakker; men så hugsa han seg: «Den som drikk hos eit troll, han vert sjølv som eit fjoll,» sa han. Så bråtømde han staupet, attover akslene sine og råka Svarthamarkongen midt i syna. — Per la på dør, og med eitt stod han ute under den klåre stjernekvelven på Ringvassøya. Sylvstaupet heldt han enno i handa. Det kunde han ha til eit minne, tenkte han. Skiene hadde han enno på føttene. No sette han beint heim.

Då han var komen eit stykke på vegen, høyrde han det suste attom seg. Det var Svarthamarkongen som kom etter han. Venteleg vilde han ha att sylvstaupet sitt. Per høyrde at trollet drog innpå han. Då Per var med stabbursdøra heime, reiv han skiene av føttene og sprang inn på stabburet; men då smatt Svarthamarkongen og inn gjenom døra med det same. — Bortmed eine veggen i stabburet stod eit steinbord. Svarthamar-kongen gjekk dit og krøkte seg ned, og bad Per setja seg attmed han. Dei kunde tala saman på rimeleg vis, meinte han. Per skyna at trollet vilde ha han i ei fella. Så sette han i eit rop: «Lys!» skreik han, og kveikte ei tyri framfyre seg. Trollet sette i eit brøl, slo ein knyttneve i steinbordet og var borte. Seinare kunde ein sjå at det synte for 3 store knuvar i steinplata.

Per dreiv ikkje ap med trolla etter dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *