Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Svartisen


I eldgammal tid budde det ein finnkonge i Misvær i Salten. Han rådde over landet nordpå. Så var det det året Olav Haraldson kom nordetter kysten med mord og brann og skulle kristne folket på Hålogaland, og legge landet under seg. Men Finnkongen i Salten kunne meir enn mate seg. No ville han stenge leia med ein is-mur frå fastlandet og ut mot Rødøya. Då kunne Salten og Misvær sleppe å mete kongen.


Finnkongen fylte ei stor aska med gannfluger. Så song han joik og trollsongar over dei. Han fekk då ein lapp å ta aska på ryggen og gjekk oppover til Reppevagga. Der opna han oska og gav gannflugene fri. No var det sterk austavind. Gannflugene følgde vinddraget vestover mot havet. Tett innåt flugesvermen stod snøkovet som ein mur. Snøen la seg over dalar og fjelltoppar milelangt frå fjellet ut mot havet. Snøen sokk saman etterkvart, frosten sette inn så snøen vart til bard is.


Då Olav Haraldson kom fram mot Briksvær og såg alt snøfallet, tenkte han det låg trolldom attom. Då slo han krossen fram for seg med sverdet og batt dei vonde maktene med Jesu namn. Med eitt datt heile flugesver¬men ned i havet. Snøen rakk såleis ikkje lengre ut enn til kysten. Hadde gannflugene fått tid på seg og nådd til havs over Rødøyløva ville kysten vore sperra med isbarm, og Finnkongen kunne hatt riket sitt åleine.


Men no vart isen liggande berre frå Reppevagga og ut til næraste kyst, og slik ligg han den dag i dag og heiter Svartisen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *