Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Svartorm

Gamalt budde det to syster ved Gaustad. Og desse var glad i den same guten. Han likte så godt desse gjentene, så han visste ikkje kven av desse to han ville ha. — Men nå, skal du få høyra. Ein dag lauga desse gjentene seg i Gaustadsjøen, og etterpå låg dei og sola seg på sjølandet. Den eine gjenta, som hadde vøri mye veikhelsa og framleis var mye klein, sovna der ho låg attmed syster si. Rett som det var så kom det ein liten svart orm. Han kraup inni munnen på den sjuke gjenta, og borte vart han. Systera såg dette. Gjorde ikkje noko, for ho tenkte: — Dræper ørmen syster mi, så får je guten.

Om litt kom ormen ut att, utan at gjenta vakna. Og nå var han ikkje svart lenger, men raud. Han skunda seg ned mot vatnet og fekk tå seg blodet. Så gjorde han det same med gjenta att utan at ho vakna. Men da han kom att tridje venda, vekte den andre gjenta syster si. Og nå dro den svarte ormen sin veg. Men det raraste var at etter alt dette vart den sjuke gjenta så frisk som aldri før. Ikkje lenge etter vart ho gift med guten.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *