Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Svein og Lars Kile

Botna-Guri hadde to brør i krigen, Svein og Lars. Det var to staute karar. Svein døde austpå, men Lars kom ikkje lenger enn til Bergen. Dei fraus og svalt, og det verste var at dei hadde so lite klede og mat. Austpå var det naud, og om nokon fall i krigen, kom kvinnfolka med store knivar og skulle sjå etter om der var pengar, mat eller noko brukande til å rane til seg. Kleda var ei tynn bukse. I eit slag var der ein som var såra. Han kraup inni eit fjøs og skulle gøyme seg i ein kubås. Han låg der med børsa

ladd. Kjerringa leita og fann han. «Å ja, no skal det snart gå.» sa ho. «Me skal no sjå på det», sa mannen og skaut ho ned.

Mora til Svein og Lars Kile gjekk kvart år i snøsøyvlinga fram på Korsen og såg etter gutane sine. Ho trudde dei skule kome att. Men dei kom ikkje meir.

Inn i Åmelfoten var ein mann som hadde sju søner. Mange av desse var utkommanderte, ein av dei, kalla Nille-Ola fall, han fekk ei kule gjennom livet. Broren kom til stades før han døde. Nille-Ola tok innmed skjorta og tok fram nokre pengar, og han sa til broren at han skulle ta å gøyme dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *