Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Svein Svinegjætar

(Saltdal)

 

Det var ein gong ei kjerring; ho hadde fin son som heitte Svein. Då han var komen til skjels år og alder, sa han ein dag med mora han ville ut og tena. Mora talde ikkje av med det, men sa med glunten at han vel kunne forlata heime, så fekk han då sjå kor folk levde andre stader.

Så kom Svein åt ein bondemann; der fekk han teneste. Men då han hadde vore der ei tid, sa han seg til å fara.

«Kva har du no tenkt på til løn, då?» spurde bonden.

Svein sette på han ville ha eit sverd så stort det stod 12 pund; «ikkje tyngre og ikkje lettare», sa han. Det skulle han få, sa bonden. Gjekk så han åt smeden og fekk smidd sverdet. Men då det var ferdig, stod det ikkje meir enn just 11 pund. Bonden klaga seg for dette, og Svein syntes åt vera han òg, at det ikkje heldt rette vekta. «Men det er ikkje meir å gjera med det,» sa han; han tok sverdet som det var og reiste.

Han kom no til kongsgarden; der gjekk han inn og høyrde seg om etter arbeid. Kongen sa fyrst: «Eg er ikkje trøngjen om fleire tenarar just no.» Men så kom han på han var fri for gjætar til grisane sine. «Det kunne einast vera om du ville vera til grisegjætar åt meg, då kan du få gje deg av her,» sa kongen. Stein takka og tok imot, og så bar det til å få griseflokken i skogen.

Det var slik ein kvatr og lettliva kar denne nye gjætaren, syntest dei der på, slottet; han lokka og song åt griseflokken så dei høyrde ômen av han der han drog fram.

«Griso mi! Griso mi! Svartepørko og den kvito mi,» song han.

Ein dag var kongen på ein segltur. Då bar det så til dei rende skipet sitt fast ute på sjøen. Med dei no møddest med å få det flott att, fekk dei høyra ein rese som ropa bortanfrå ei skogli. «Hu! Hu!» sa han. «Kongen skal ikkje koma seg av meda skipet minder, han lovar meg den eldste prinsessa.» Kongen vart ille ved, kan du skjøna, og han bad for dottera. Men resen stod på sitt; og då mannskapet tok til å gang på kongen om å gje etter, såg han ikkje onnor berging, han måtte lova resen dottera, endå så ille han syntest det vera. Så nemnde resen ein dag han kom for å henta prinsessa, og ho skulle møta han nede med sjøen, sa han: Fyrst resen hadde fått kongen til å seia sitt ja til alt dette, kom skipet laust att, det, og så heldt dei åt land.

Då kongen kom heim og fortalde om avtalen han hadde gjort med resen, vart det stor sorg.

Ja, så var dagen komen då kongsdottera skulle i veg. Det vart då spørsmål etter ein som såg det likt å fylgja henne til sjøen, og som drista seg til å ta i ferd med resen. Ein dei kalla Riddar Røv kom og baud seg fram, og han sa med kongen og dronninga: «De skal berre ha trua god til så lenge; for eg er ingen kastekjepp, og eg er ikkje meint å la resen få hand om prinsessa med det gode.»

Då dei var komne i fjøra, prinsessa og denne Riddar Røv, sa han: «Eg må ein snoping bort i skogen, eg, men du kan berre stussa på her til eg kjem att.» Prinsesa så gjorde. Men det både varde og det rakk, og ingen Riddar Røv viste seg. Alt medan kom Svein Svinegjætar med griseflokken skridande etter fjøra.

«Sit prinsessa her og er så sorgfull,» sa han.

«Eg har så visst ikkje noko å gle meg til,» sa ho, og så fortalde ho kor det høvde til at ho var komen ditett.

«Vil prinsessa gjera så vel ho løskar meg i håret urlite; for lusa er så hardsølet,» sa Svein.

«Det kan eg alltid,» sa ho. «Eg ankar på eg får ikkje såpass til mann som det du er.»

Svein Svinegjætar halla seg nedpå så han fekk hovudet liggjande i fanget til prinsessa, og då han hadde lege slik ei stund, gjorde han som han sov. Med prinsessa sat der og løska gjætaren, fann ho på å ta ringen av seg og gjera den fast i håret hans. Så vart ho vis eit skip som kom opp av sjøen; det vistest både stort og blankt, og kvartetter det kom nærare, fekk ho sjå det var av massing. Ombord var det ein rese med 3 hovud. Då han vart vis prinsessa som sat der med gjætaren i fanget, la han til: «Kven er det som sov hos vivet mitt?»

Då var det jusson han vakn’a, han Svein; han brudde seg i augo og spratt opp.

«Det kan no like snart bli mitt viv,» sa han.

«Vil du at hundane våre skal bitast om det?» spurde resen. Han hadde ein stor, argsint hund på skipet sitt.

«Gjerne det,» sa han Svein. «Men eg har no berre ei lita tike å set’ imot, så storhunden din kjem nok til å ta henne i ei tugge.»

Resen terra hunden sin i veg; men han var så sterven og tung, og fyrst han kom i fjøra, skvatt tika puinn buken på han og gav han daubit. Då resen fekk sjå kor dette endast, slo han ut med handa etter prinsessa, ville hemsa henne inn på skipet. «Nei, dette vil vi bli to om,» sa Svein; han dreiv åt resen med sverdet så alle 3 hovuda fauk i fjøra.

No laut gjætaren å ta rett på grisane; dei hadde stroke av alt med han heftest hos prinsessa. Så sette han inn etter skogen og kalla og lokka.

«Grisa mi! Griso mi! Svartepørko og den kvito mi,» song han.

Riddar Røv heldt seg unna til han såg det var ute med resen, då kom han farande dit prinsessa sat.

«Når vi no kjem tilbake til kongsgarden, og dei spør etter kven som har berga deg, så har du å seia at det var Riddar Røv som var din bergingsmann,» sa han.

Ja, det lova ho. Når han var min bergingsmann, så var det vel ikkje anna å seia om det, meinte ho. Dei gav seg no åt kongsgarden, og der var det glede større enn stor, no dei fekk prinsessa heim heil og uskadd, og Riddar Røv vart fagna på det beste.

Ei tid deretter var kongen ute på segltur. Ute på sjøen vart skipet standande fast, og alt med dei møddest med å få det laust, fekk dei høyra ein rese som halla og ropa åt dei: «Hu! Hu! Kongen kjem seg ikkje av med skipet sitt minder han lovar meg nest eldste prinsessa,» sa han. Kongen var umotig å gje frå seg dottera, kan ein nok skjøna, men resen var både einvis og tverr, og då mannskapet tillike masa på og ville åt land, hadde ikkje kongen noko val, så han laut lova bort dottera. Resen nemnde no ein dag han kom og henta henne, og ho skulle møta opp ned med sjøen, sa han. Då kongen hadde lova resen alt det han kravde, kom skipet laust, og dei sette mot land.

På kongsgarden vart det gråt og ille låt dentid dei fekk tidend om avtalen.

Så kom dagen då prinsessa skulle fara. Riddar Røv som hadde berga den eldste, vart kåra til å fylgja med. Då han fekk høyra det, briska han seg og slo stort på. «Resen skal ikkje få prinsessa med det gode, det skal eg vera mann for.»

Då dei var motes med sjøen, sa Riddar Røv: «Gang no du i fjøra og set deg. Eg må ein snoping bort i skogen, eg.» Ja, prinsessa gjorde som han sa, og ho sat både vel og lenge; men Riddar Røv såg ho ikkje likt til. Så kom Svein Svinegjætar drivande med griseflokken.

«Sit prinsessa her og er så sorgfull,» sa han.

«Eg har no lite å gle meg til,» og så fortalde ho om resen som kom og skulle henta henne og om Riddar Røv som var stroken bort.

«Kan eg få prinsessa til å løska meg urlite, for lusa bit så forgale,» sa han.

«Det kan eg alltid gjera,» sa prinsessa. «Eg får nok ikkje såpass til mann som det du er.»

Svein sette seg no attmed henne; han halla hovudet i fanget hennar og gjorde som han sov. Alt med prinsessa sat der og leska han, kom ho frami ringen åt systera. Då tenkte ho med seg: Her er redningsmannen. Og no ville ho halda seg med godt mot. Når han vann berga systera mi frå resen, så må det vel bli råd for meg òg, tenkte ho. Så fann ho på å smøy armbandet av seg, og det gjorde ho fast i håret til gjætaren. Då kom ho til å bli vis eit stort skip som kom opp av sjøen, det var slik ein glans av det så det lyste på lang lei. Kvartetter det kom nærare, såg prinsessa det var av reint sylv, og ombord på skipet var ein rese med 6 hovud. Då han fekk sjå prinsessa som sat der med gjætaren i fanget, la han til: «Kven er det som sov hos vivet mitt?»
«Å,» sa han Svein og brudde seg i augo, «det kan no like snart bli mitt viv.»

«Vil du hundane våre skal bitast om det?» spurde resen; han hadde ein stor, arg hund.

«Det kan vi gjerne; det er no ikkje meir enn ei tugge åt storhunden din den vesle tika eg har.»

Resen skikka hunden sin i fjøra. Men tika hans Svein, var så rengjen og snar, ho skvatt puinn buken åt den andre og gav han daubit. Då resen såg det, hogg han etter prinsessa og ville hemsa henne opp på skipet. «Dette skal vi bli to om,» sa han Svein; han rende til med 11 pundsverdet og  rydde alle hovuda av resen for eitt hogg.

Alt med Svein hadde drygd av hos prinsessa, var grisane avstrokne. Han la no i veg etter og kalla og lokka.

«Griso mi! Griso mi! Svartepørko og den kvito mi.»

Då Svein Svinegjætar var unna, kom Riddar Røv smettande fram or skogen, og det fyrste han greip til då han kom åt prinsessa, var å truga henne til å seia at det var han som hadde frelst henne frå resen. Det lova ho. Når det var han som var redningsmannen, så var det ikkje anna å seia om det, meinte ho.

Ei tid deretter var kongen atter seglande med skipet sitt. Då bar det til att på same viset, skipet vart standande fast, og ingen rådde med å få det flot. Best det var, høyrde dei ein rese som kolja og ropa åt dei. «Hu! Hu!» sa han «Kongen skal ikkje koma av med skipet sitt minder han lovar meg yngste dotter si.» Kongen vart no reint forkomen; for yngste dottera var den han mest heldt av, det var jussom augesteineh hans, det. Han bad for henne, men resen heldt på sitt; den yngste dottera ville han ha. Mannskapet på skipet sette på og ville heim, og så vart det ikkje anna til for kongen, han laut lova bort prinsessa endå så umotig han var på det. Så gjorde resen av når han ville koma og henta henne, og ho skulle møta opp ved sjøen, sa han. Då dei hadde gjort forlikt om alt, kom skipet laust, og dei heldt av mot land.

Då dagen kom ho skulle i veg, den yngste prinsessa, kalla kongen åt seg Riddar Røv. «Sidan du no har berga dei to eldste døtterne mine, så lit eg på du har ei råd med å fria ut den yngste og,» sa kongen; og så bad han riddaren gang med henne til sjøen. Riddar Røv var ikkje umota på det, og brukte store ord om seg sjølv.

Men då dei var motes med sjøen, fann han seg ærend bort, og bad prinsessa gang i fjøra til så lenge. Og no vart ho sitjande der i sju lange og sju breie; men ingen Riddar Røv kom. Men så kom Svein Svinegjætar drivande med griseflokken.

«Sit prinsessa her og ser så sorgfull ut,» sa han.

«Å ja, eg har så visst ikkje noko å gle meg til,» sa ho, og så fortalde ho om resen som kom og skulle henta henne.

«Kan eg få prinsessa til å løska meg, for lusa er så tråsøkjen,» sa han Svein.

Ja, det kunne ho no alltid, sa prinsesa. «Eg får nok ikkje såpass til kar som det du er.»

Så la han seg med hovudet i fanget hennar og gjorde som han sov. Med prinsessa no sat der og tådde i hårlusken til gjætaren, kom ho frami armbandet og ringen til systerne. Og no fekk ho forstand på kven som hadde berga dei frå resen. Når gjætaren hadde vore kar om å fri ut systerne, så må det vel bli ei berging for meg òg, tenkte ho. Så løyste ho av seg halsbandet og gjorde det fast i håret hans Svein. Alt medan vart ho vis eit stort skip av gull som kom opp av sjøen. Og på skipet var det ein rese med 12 hovud, og då han fekk sjå prinsessa sitja der med gjætaren i fanget, la han til: «Kven er det som sov hos vivet mitt?»

«Å, det kan no like snart bli mitt viv, det,» sa han Svein og spratt opp.

«Vil du hundane våre skal bitast om det?» spurde resen.

«Gjerne det; men eg har no berre ei lita titre å set’ imot, eg,» sa han Svein, og han slo på at det kunne ikkje bli meir enn ei tugge åt storhunden til resen.

No terra han hunden sin på tika; men ho skvatt puinn buken på han og gav han daubit.

Då resen fekk sjå kor dette fauk av, hogde han med handa etter prinsessa, ville ha henne innpå skipet. «Nei, dette vil vi vera to om,» sa han Svein og dreiv åt resen med sverdet så 11 av hovuda fauk i fjøra. Men innan han kom seg til med nytt hogg, fekk resen tak i prinsessa og for med henne. Han Svein etter på massingskipet, det var det han tok av fyrste resen han gjorde det av med. Skipet hans Svein var lettare, og det stod ikkje lenge av innan han vann inn på gullskipet. Men då han var motes atti, kom han til å bli vis at det rauk oppi ei skogli. Han undra seg over kven som dreiv og elda der. Heldt så av under land, og då han var eit stykke oppi lia, kom han åt eit stort, gildt hus, mest som eit slott. Det fyrste han var innom døra, råka han ei gammal kjerring, stygg og fæl som ei heks. Ho var i ferd med å elda puinn ein kjel med svovel i. No gjorde han Svein seg tåpen og let som han ikkje visste kva kjerringa styra med.
Han spurde om det var mysbrøm ho hadde i kjelen.

«Nei, det er svovel,» sa kjerringa. «Eg ventar no just resen heim med yngste dotter til kongen, og henne skal vi ha nedi her.»

Då skunsa han Svein til kjerringa så ho stampa i kjelen. Så stelte han seg av utmed døra; han ville ta i ferd med resen. Lei om litt, kom han trøskande opp lia. Prinsessa jaga han føre seg, og fyrst dei var med huset, stakk han hovudet inn døra ‘og ropa: «Har du kjelen grei, mor? Eg kjem no med prinsessa.» Men då var han Svein snar med sverdet og gav resen styngen.

Ja, no var dei unna, både resen og kjerringa. Han Svein og prinsessa gav seg til å spora rundt i huset, og der sette dei frami så mykje sylv og gull så dei aldri hadde sett maken. Og no tok dei på og frakta til sjøen av alt dette. Dei bar til dei sistpå vart både trøytte og leie; og så sigla dei bort i gullskipet.

Fyrst dei kom åt land, fekk gjætaren det travelt med å koma seg etter grisane. For alt med han var borte, hadde dei stroke av, kvar ein og ein. Han fór no bort gjennom skogen rennande, og kalla og lokka.

«Griso mi! Griso mi! Svartepørko og den kvito mi.»

Men fyrst han Svein var or syne, kom Riddar Røv smettande fram. Og no kravde han av prinsessa at ho skulle seia det var han som hadde berga henne frå resen. Det lova ho. Når han var redningsmannen, så var han det, det var ikkje anna å sela om det, let ho. Så for dei til kongsgarden. Kongen vart så over seg glad no han fekk yngste dotter si heim. Han sa med Riddar Røv at han skulle få den av prinsessene han ville. Riddaren sa då: «Når kongen let meg få velja, så held eg på den yngste; henne er det eg mest synest om, og dertil så fekk eg no hardaste taket med å berga henne frå resen.

Det bar då til å styra i stand til bryllaupet. Så var det bryllaupsmorgonen i den tida Riddar Røv og den yngste prinsessa stod påkledd og skulle åt kyrkja, då bad ho om å få tala med Svein Svinegjætar innan det bar i veg. Just i det same kome han sløngande med griseflokken. Då gjekk prinsessa fram og løyste halsbandet sitt or håret hans.

«Her ser de min redningsmann,» sa ho.

Så kom dei fram dei to systerne hennar og løyste or håret hans Svein, den eine armbandet og den andre ringen, og båe sa dei det var gjætaren som hadde berga dei frå resen.

Både kongen og dei andre vart så ovandotne dei kom seg ikkje til noko på ei lang økt. Men fyrst kongen fekk vita kor dette høvde til, vart Riddar Røv avkledd brudgomskleda. Kva kongen meir gjorde med han, det veit ikkje eg. Men Svein Svinegjætar kom seg i brudgomsstasen, og no tura dei i veg med bryllaup så sterkt det spurdest over sju kongerike.

Og sidan var ikkje eg med lenger.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *