Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

Svenskane vart skræmde og flaug

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

Ein haust kom det to svenskar til ein bonde og vilde ha arheid. Det fekk dei. Eit stykke frå garden skulde dei hogge kolved og brenne ei kolmile. Då dei var komne so langt at dei hadde tent på, laut dei liggje ved mila stødt og passa ho, då måta!

Av ein eller annan grunn hadde bonden vorte leid svenskane. Han vilde gjerne kvitte seg med dei. So kom han på noko som skulde skræme dei. No er det ofte svært myrkt um haustnettene, og det var det no med. Bonden tende då i ei lykt som han hengde på bringa si. Framfor seg heldt han eit gamalt kornsåld. Og slik gjekk han bort mot kolmila.

Då bonden kom nær nok, vart svenskane vare dette merkelege som kom burt mot dei. Ljosstrålane slo ut gjennom dei hundretal hol i såldet. Det såg so nifst ut.

Då sa den eine svensken:

«Han har 1800 øgon!»

Bonden kom stødt nærare.

«Jag flyr, jag!» sa den same.
«Ja, flyr du, så flyr jag!» sa hin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *