Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

SVERIGES OG NOREGS STERKASTE MANN

På Dyrvedalen levde det i eldre tid fleire kjempekarar. Ein av dei var
Store-Rekven. Det gjekk mange soger om han. Ein gong var han med på ein
stor manøver på Austlandet. Kong Karl den 15. var til stades på den
manøveren, og han gjekk rundt og ville sjå alle kjempekarane.

Ein osterdøl var ein av dei sterkaste karane kongen hadde råka, og han og Rekven skulle då ta tak.

Nokså snart laot Rekven ned på knea, men då reiste han seg som ei stålfjær, og kjempa laut i bakken. Kongen kom då bort til Rekven og stakk ein stor cigar kvar nesebore på han, og gav han i tillegg 2 dalar. Så ropte kongen ut at Rekven var Sveriges og Noregs sterkaste mann.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *