Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Svolværdjura


Svolværdjura budde i Svolværfjellet. Ho såg ung ut endå ho hadde budd der i tusen år. Ho visste at Hamarøykallen var på friarfot vestom Vestfjorden. Ho tok på seg den beste stasen ho hadde. Ho gløymde ikkje klepphøe på kjolebaken og hatten sin med to fine sløyfer som stod til vers og ropte langan lei.


Ho gjekk seg ein tur ut i måneskinet og halla seg opp mot fjellveggen. Då kom han – Hamarøykallen – og fria på flekken. Ho gjorde seg terten, var kostbar og gav ikkje greitt svar. Då blei Hamarøygubben arg. Han greip ned i bakken etter ein brukande handstein og lyra så etter ho med den. Men steinen fekk ei slik drekt at han datt ned oppmed Hersteinen. Der kløyvdes han i to, og den eine halvdelen blei heitande Tortelsteinen og den andre halvparten fór ned på Svolværvika og heiter Gullet den dag i dag. No var begge så opptekne at dei ansa ikkje at sola rann. Då blei Hamarøykallen til eit fjell, Hamarøystauren, og Svolværdjura blei til Svolværgeita. Ho står der den dag i dag med dei to geithorna som er sløyfene ho hadde på hatten sin den lagnadstunge dagen då ho avviste Hamarøygubben.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *