Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Svolværgeita


Trollet som budde i Svolværfjellet var ein streng herre. Dottera han hadde gjette kyrne kvar dag. Var det så ein dag Vågankyrne kom over fjellet og beita i Svolværmarka. Då sprang dottera heseblesande heim og fortalde faren dette. Svolværtrollet blei arg, tok oksa og fór på dor. Men Vågankyrne såg trollet kom, dei la på sprang og fór beljande over fjellet att – heim til Vågan. Dette hendte to gongar – og kyrne kom seg vel unna begge gongane. Så gjekk det ein tre vekers tid – då var det ein dag Vågankyrne kom att. Dottra varsla faren, og han fór på dør med øksa i neven. Då såg han det var geitflokken frå Vågan som no var i ferda. Han sprang oppover så steinspruten stod etter. Han heiv øksa etter dei. Men geitflokken var så snar at dei kom seg vel unna. Berre ei geit blei att, og ho står der i stein den dag i dag – slik ho blei ståande den morran for lenge, lenge sida då ho kom ut av flokken og sola rann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *