Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Sy aldri knapp i kleda med ungen har plagget på

I bygdene kring Røros og ellers nedetter dalføret langs Gaula var det mange ting frå gammalt ein ikkje måtte gjera. På eit eller anna viset ville det skada den personen det var gjort mot. Om det datt ut ein knapp or kleda til ein unge måtte ingen finna på å sy han i att med ungen hadde plagget på.

I Brekken var det ei ung kone som ville setja knapp i kjolen til småjenta si. Ho tok tråden og knappen og sette i gang. Den gamle bestemor hennar sat og såg på. Ho skuva brillene opp på skallen og sa:

–    ”Nei slutt no med det der da…vess det æ så at du inte vil ha tørnem unge.”

Den unge mora berre lo åt bestemora. Ho vart snurt og gjekk ut, men i døra snudde ho seg.

–    ”Det har no synt si før at det ha slie te. Du skal nok få sanne orda mine.”

Og det fekk ho.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *