Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

Sykkelen kjem

Kor tid den første syklisten kom sjanglande oppover dalen står det ingenting om i bygdebøkene eller andre skriftlege dokument som har vore i våre hender.

Men sykkelen har si utviklingssoge. Det var franskmannen de Sivrac som kom på ideen å ta seg fram på to hjul montert etter kvarandre. Dette var like før år 1800.

Tyskaren von Drais fekk betre «dreis» på dette. I 1817 fann han på å laga framhjulet slik at han kunne svinge det, men framleis slik at han sparka seg framover. Doningen fekk namnet dressin.

Så var det ein som sette pedalar på framhjulet, og for å få større fart vart framhjulet laga mykje større, omlag halvannan meter i tverrmål. Men heller ikkje dette vart nokon suksess. Sykkelen var vanskeleg å koma oppå og endå vanskelegare å balansere på. Namnet Veltepetter vart brukt, og med god grunn. Me har no passert 1870-åra.

Nokre år seinare var det ein engelskmann, H. J. Lawson, som var gløggare enn alle sykkelmakarar hittil hadde vore. Han fann på å laga kjede frå pedalane til bakhjulet. Dermed hadde han oppnådd det same med tanke på fart, han kunne ha mindre hjul og reiskapen vart meir handterleg. Dette vart hovudprinsippet som gjeld den dag i dag.

Dei første norske syklane kom alt i 1890-åra. Og det har vorte ein geskjeft som har utvikla seg til stor-fabrikasjon. I dag er det omlag 2,5 millionar syklar i Norge.

Men tilbake der me starta, når kan ein rekne med at den første sykkelen kom til Hallingdal?

Hans Flaten fortel i boka si om Hemsedal: Den fyrste sykkelen kom der i 1881.

Nes Idrettslag vart skipa i 1902, og det første arrangementet dei laga til, var eit sykkelritt med deltakarar frå heile Hallingdal og frå Krødsherad. Ein må difor rekne med at sykkelen hadde vore i bruk nokre år. Men endå var denne doningen så gjæv og sjeldan at han var eit statussymbol. Og den lykkelege eigar av ein sykkel let seg gjerne fotografere saman med vidunderet.

Biletet her er tatt nokre år etter 1900 og syner stolte ålingsyklistar.

H.d. 31. mars 1984.

Sykkelen kjem. Fotograf ukjent.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *