Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Sylvåra i Svaldalen

Finnegubben Sven Svensen, som rudde Svensrud ved Magnor, var ein stor jeger. Ein vår var han på fuglleik på Breidtjennhøgda, men han fekk ikkje tak i noko. Da gjekk han austover til Svaldalen.

Det var alt langt på morgonen og sola var oppe. Medan han stana litt og lydde og såg etter fjørhanen, så fekk han med eitt sjå at det blenkte på ein stein i fjellet. Han gjekk bort til denne steinen og slo av eit stykke med børsekolba si. Denne biten sende han Sven til Kongsberg sylvverk til gransking. Men det tok lang tid før enn denne steinen kom dit i dei tidene. Krigen med svenskane fall og inn den gongen.

Tjuge år etter at denne steinen vart funnen, kom det svar frå sylvverket. I brevet sto det at det var sylvmalm av finaste slag i steinen. Svensrudgubben var no gamal, men ville freista å finna att sylvåra likevel. Han tok difor med seg sønene sine. Dei grov og hakka både lenge og vel, men sylvåra fann dei aldri att. Mange har sidan leita etter sylvåra i Svaldalen, men ingen har funne ho.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.