Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Syn før Rundegarden brann upp

Fyre lauseld og andre vanlukker er det mange som ser fyrevarsel eller syn. — Då heile Rundegarden brann upp for umlag ein mannsalder sidan (1864), såg dei ei tid fyreåt på Flø eit syn over Runde. Det var eit sprakande ljost skin mest som nordljos berre endå bjartare. Segna seier at folka på Flø ottast for at noko gale stod fyre på Runde, difor drog ein mann eins ærend ut til Runde og sa frå um dette; for det er den trua at gjev ein gods eller pengar til kyrkja og fatige, so kan ein vikja burt ulukka. Men Rundekarane brydde seg ikkje um dette so nær som ein. Han gav noko midel ti det som godt var. Ein sundag noko deretter då dei flestalle folk var ved Herøykyrkja, berre born og gamle koner var heime, kom det eld laus i eit hus på Rundøygarden. Elden breidde seg so det fata eld i kvart einaste hus og hytte på heile garden, so nær som i stova hans som hadde gjeve til dei fatige. Då folk kom ut av Ulsteinkyrkja same dagen, såg dei ljosken over Rundøyfjellet. Og dei som hadde sett synet sa at denne fælslege logen var nettupp maken til fyrevarslet.

M. B. 1912.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *