Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Syn og varslingar

Fyre lauseld og andre ulukker er det mange sons ser fyrevarsel eller syn.

For vel 60 år sidan brann heile Rundegarden, og ei tid fyreåt såg dei på Flø i Ulstein eit syn over Runde. Det var eit sprakande ljost skin, mest som nordlyse, berre endå bjartare. Segna seier at folk frå Flø umaka seg eins erend ut til Runde og fortalde kva dei hadde set, dei ottast at noko gale stod fyre. Den trua heldt seg no iallfall i dei tider, at gav ein noko til eit eller anna godt fyremål, til kyrkja, eit hospital eller og til dei fatige, — misjonen var det lite tale om endå — so kunde ein vike vekk ulukka. Men Rundekarane brydde seg ikkje noko om dette, seiest det, sonær som ein, han gav noko medel til det som godt var.

So ein sundag noko deretter, då flestalle folk var ved Herøykyrkja, berre barn og gamle koner var att heim , då kom det ljos laust i eit hus på Rundegarden.

Elden breidde seg, so det fata eld i kvart einaste hus på heile garden, — sonær som stova til den mannen som hadde gjeve til dei fatige. Då folket kom ut av Ulsteinkyrkja, såg dei logen over Rundefjellet. Og Fløfolket som hadde set det uhuglege synet, sa at denne fælslege logen var nettop maken til det fyrevarsle som dei hadde set ei tid fyreåt.

Ute på Runde kom eit båtlag noko seint att frå sjøen, og det var myrkt. Dei hadde lagt frå seg båten og tok til å rusle heimatt. Ein av karane hadde vorte heft, so han kom litt attom hine og gjekk åleine eit stykke. Då såg han ei stor, blå flamme burte på sjøen, og det høyrdest eit uhugleg skrik medsame. Det var hardt og nær honom å høyre til.

Flamma var so stor som skulde ein ha sett eld på ein heil halmbyrd, og både ljoset og skriket tok seg opatt tre vender. Han gjekk vidare heimover, og då såg han fire mann eit stykke framfyre seg. Då han kom dei nærre, såg han tydeleg dei bar ei likkiste  millom seg. Han kom dei nokso nær; men då kvarv dei burt, og det tykte han var rart.

Året etter var den same mannen, som var inne frå Leikong, Gursken, ute på Runde i fiskje att. Ein landlegedag han gjekk med eit brev i posten, då gjekk det fire mann i vegen fyre honom og bar    likkiste millom seg, — nett likt so som guten hadde set det den natta året i fyrevegen, No hadde dei vore iveg og henta kiste, då det hadde døydd ein mann der på garden den dagen. Det var ingen som vara honom til, han som døydde.

Det er omlag 30 år sidan dette hende.

På Hasund såg dei ogso eit slikt syn eit av dei åra ho Ingeborg Petersdotter var enkje, 1858-60. Det var som eit ljos over taket på stova hennar Ingeborg, hadde grannen set, og han kom og fortalde det til henne, og sa at dei laut gi noko til enkvart godt fyremålet alle på garden. Reknes hospital var namnet, hugsa han Johan Hasund. Dei gav kvar sin dalar til misjonen hine på Hasund, ho Ingeborg, som enkje var, ho gav ein halv dalar, og so sa ho:

«Eg gi ‘kje for å avverje ulukka, men eg gi det til misjonen llkevel.»

Då sa dei:

”Du hev lita like ta det du hev løse og lært du Ingeborg.»

Det hende inga ulukke på Hasund den gongen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *