Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Synet over Løset

I Dragsund, Herøy, såg dei ein gong eit syn fram over Løset i Ulstein. Det var kring 1870.

Synet såg ut som eit svært båtsegl som slo ut og blakra og loga i vinden. Dei visste at synet varsla lauseld. Difor sende del straks bod til Johannes Løset at han måtte bu seg på ulukka. Men Johannes var ein klok mann. Dei sa han kunde «lange raspane» av bibelen utanboks; og difor visste han óg å vende vanlukka. Den fyrste fatige som gjekk framum Loset baud han inn, gav han mat og drikke og ein dalar attpå. — So der vart ingen skadeeld.

Ved Johan Haddal. Hareid 1938

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *