Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Synet på Røyset

Ho Ane-Gurina. H. Grimstad fortalde dette nyttårsafta 1926:

Ei gjente frå Røyset (Hareid) såg eit ljos over stova vår. Det såg ut som ein svær loge, sa ho. Gjenta kom straks og fortalde dette til far og mor. Me vart reint sokne av dette. Elden er ein låk gjest, veit me.

Far og mor vart einige um å gje noko ta einkvan trengande. So laga me ta tre papirlappar og skreiv eitt namn på kvar. Det var Rasofiel Rise, læraren vår, Bretanus Brandal og Ole Fylling i Ålesund. Kvar av desse var svært fatige og hadde ein stor barneflokk. Lappane hadde me i ei huve og drog lut. Og luten fall på Ole Fylling. Me tok gåva med til byen straks etter. Og de kan tru dei vart glad der i huset over den uventa gåva ta jul.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.