Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Takk for hjelpa, no kan du gå

I gammal tid var det ferdakjøring innetter Hådalen. Det var gjerne fleire hestar i følgje frå Røros. No slang det nok ein og annan som nytta høvet og stal av lassa natters tider.

Mellom kjørarane var det ein kar som kunne lite grann meir enn Fader-Vår.

Ein morgon karane kom ut frå losjiet på Sætra sto det ein framandkar attmed lasset til karen. Det såg ut som han sto i band der.

–    ”Du står å passa på lasset mitt du. Takk for hjelpa. No kan du få lov te å gå.”

Og karen luska i veg som ein skamfull hund.

Dei kjende han alle, og han hadde nok stått fast det meste av natta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *