Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Tala ofte med den gamle tusskjerringa seinare.

Den gamle mannen fortalde at han råka den gamle kjerringa på sætra rett som det var seinare. Ho snakka da om livet i sæterdalen, om det hadde vori mange fiskarar utover hausten. Kor mykje fisk dei hadde fått og elles alt både av godt og vondt som hadde gått for seg vinteren igjennom.

Ein gong fortalde ho om kvar den segnomsusa Hølsjøgruva var å finna. Det går slik på folkemunne at det har vori ei gruve i drift ein stad i lendet rundt Hølsjøen, men noko far etter arbeidet er det ingen som har funni.

To ungdomar bad den gamle mannen seia dei kvar gruva var no da han visste det. Han vart sitjande ei lang stund i djupe tankar. Så sa han:

– Tja-ha, det kunn e vel ha gjort, men da e fekk våttå det, mått e låvvå ut itt å sei nå om det føn føst natta e låg på likstrå — klokka tølv. E kjem te å bi lagt borti nystuvvu her når e æ klar. Dokk fæ kåmmå åt me da så ska dokk få våttå ker Hølsjøgruva æ henn.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *