Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Sjukdom


Sjukdom var det ogso mykje av i gamle dagar. Det var ikkje å springe te dokteren då, skal eg tru! Dei laut doktere på seg sjølve eller og gå te åtgjerdskjerringar eller åtgjerdskallar.


Tannverk

Når folk hadde tannverk, laga dei seg ein kvass pinne, og so stakk dei den vonde tonni med denne te ho blødde. So slo dei pinnen inn i ein stubbe eller eit tre. Med dei gjorde dette, skulde dei seia: «Trur du, so hjølp de!» 

Eg hugsar det var ein som heitte Andris i Plasse, ovan Rud i Aurdal, som skreiv for tannverk. Ein gong hadde eg so ulasteleg te tannverk. So gjekk eg te han Andris i Plasse. Han skreiv nokre krokar og svingar på eit papir. Dette gav han meg og bad meg tyggje på det med den vonde onni te det blotna upp. So skulde eg sputte papiret på varmen. Tannverken vart eg kvitt lenge, kva det no var som gjorde det. —

Dei gamle hadde ogso ei onnor underleg råd for tannverk. Dei som gjorde åt for tannverk, spikka seg tre kvasse trepinnar. So stakk dei med alle tre pinnane i ein gong inn i tannkjøtet, so det kom blod på dei. Pinnane slo dei so inn i eit tre. Med dei gjorde dette, sa dei: «So lengi som da sit i desse tree, so lengi ska N. N. vera kvitt tanneverke!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *