Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Tannverk

Eg fekk slik ustyggeleg tannverk ein gong. Han Eirik Brualykkjun kunne gjera åt for slikt. Eg gjekk bort åt honom. Han gav meg ei papirkule som eg skulle tygge på. Han skreiv noko på papiret før han tulla det i hop. Var det rette slaget av tannverk han skreiv for, skulle det bli så vondt at eg skulle bli forundra. Ja, eg gjekk på heimvegen og togg på papirkula. Og da eg kom ned på vegen, vart det så gale at eg velta meg ned i vegveiti, eg trudde ikkje eg heldt det ut. Han Eirik hadde sagt at eg måtte spytte papirkula ut i rennande vatn, og da eg orka å gå att, spytta eg det ut da eg gjekk over Talleråsbrue.

– Eg var kvitt tannverken i mange år etter detta.
(Dovre.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *