Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Targjei Torson Skoland

Targjei Torson Skoland, i Seljord laag ute i Staveren i 1814.

Han var husmann og ein flink skomakar. Men han var ei fæl somlepotte, og ein flaakjeft og skjemtegauk utan like. I joli fór han rundt i grenni og ”mòka”, reiv ned beitekostane uti tuni og sette dott i skorsteinspipune.

Ein joledag hadde han fengi i saman eit OSKOKEIR. Dei var ein heil flokk i fylgje, og dei hadde klædt seg ut, fælaste dei kunde. Og so dragsa dei og drog med seg alt det jønnskrap, dei fann – bjøllur og grisetjor, grev og spadar, staurar og stengar og alt slag. Ferdi byrja i Nordbygdi og enda innmed kyrkja. Paa dynnehella til kyrkja slengde dei ned alt skrammele sitt.

Folk var yvitruiske i den tidi og meinte, det var eit vondt varsl. Skrivar Juell spaadde, at her kom ein fæl mannedaude etter detta.

Daa han laag ute, gjorde han mange spikk. Eingong, med' han var i Staveren, sa han seg aa vera byggmeistar, og tok paa seg aa setja upp ein stogubygning for ein mann der i nærleiken. Han fekk seg tak i ein gamal hyvel og ei fille sag, og so byrja han ein dag til aa mæle upp materialane og saga sund nokre plankar. Halvor Mastedalen skulde vera ined i akkorten. Um kvelden bad Targjei tun to dalar paa forskòt, so han kunde faa seg noko til gogn eg greftlur. Jau; mannen var godtruin, han, og let’n faa pengane. Men sidan saag han korkje Targjei eller Mastedølen meir.

Mannen, som dei skulde arbeid for, hadde skjenkjestogu og selde øl og vin. Dei hadde vednamn paa huse hans og kalla det SILLEHALLBERG. So kom han til soldat-legre og klaga seg for kapteinen, kor styggt dei tvo soldtane hadde fari fram. Men kapteinen gav honom ikkje stort medhalde.

”Gaa vekk med dei, hva har du med mine gutter at gjøre!” sa han, og med detta laut mannen reise att.
”Aa dæ va vel styggt av kaan; men me tosse vera nødde te au, fe me satte ikkje saa mykje som tvo skjeling te ein halv pæl brennvin liss meir”, sa Targjei, naar han hadde fortalde um detta,

Ein gong, fortalde Østein Langdrag, vart dei tilsagde, at dei skulde smyrja byrsune sine godt med talg. Daa dei so vart uppstelde dagen etter, hadde Targjei stappa byrsepipa si med talg og balsa paa cit tykt lag utan paa au.

Sovore hadde han moro av.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *