Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Tater-Loa trollar buskapen illa


Då eg var 21 år, tente eg på Haug i Vaslien på Haland. Der hende det den vinteren noko fælsleg. Ei finnekjerring dei kalla Tater-Loa, fór over bygdene der og tigde. So kom ho inn på Jønsrud, grannegarden te Haug. Der bad ho um å få kjøt. Men ho Ragndi Jønsrud, kjerringi på garden, svara:

– Je har itte noe kjøtt åt taterfentom!

Tater-Loa gjorde seg ikkje meir føre enn ho gjekk ut att, og med det same sa ho:

– Å, ja, har du kji kjøt, skal du koma te få! –

Dette var i kveldingi. Um morgonen hin dagen, då Jonsrud-kjerringi kom åt fjøset, låg alle krøteri hennar daude. Då fekk ho kjøt!

Denne finnekjerringi vandra nok gjenom Valdres med, ei liti stygg ei! Ho hadde endå kolande svart hår og brun hamlet. Ei piggluva bar ho på hovudet. Elles hadde ho jamnast skinntrøye. –

*     *     *

Timane hadde gått fort. Ragndi hadde levt i segntidi, so ho mest hadde gløymt seg burt. Brått ris ho upp:

– Nei, no lyt eg stad rnjølke og stelle kui mi te kvelds. Eg har balla med krøteri te kvar einaste vinter sidan eg var på åttande året, då eg var med mor i fjøset. Ingen har so true, gode vener som krøteri.

Dermed tok ho mjølkebytta i ei hand og spannet med logvatnet i hi og snøgga seg ut.

*     *     *

Kveldstundi ute hjå Ragndi Moen hadde vore noko av ei uppleving. Det var ikkje kvar dag ein råka på nokon som kunde sopass um gamletidi. Ved fyrste høvet sat eg atter i den kostlege, vesle stova hennar. Og atter levde ein uppatt den gamle sogetidi under raustebjelkane slik som i farne dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *