Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tater ved Tatereggjen

Jamt heldt det seg tater og stimenn aust i fjella og urodde folk paa sætrane, og nede i bygda og. Gamalt attende skulde det ha vore troll der aust paa; det er soleis to fjell som har namn etter deim, Taggervorda og Abbelvorda, etter Tagger og Abbel. Desse trolla vart no burte; men so kom det taterpakk og slikt att i stellet. Det er ein sta’n austpaa dei kallar Tatereggjen. Det namnet kjem seg fraa det budde eit taterpar der i lange tider, og desse livnærde seg med aa stela, helst krøter. So vart folk fornøgde taa dette, og sette i veg. Dei fann deim ved Tatereggjen, mann og kjerring, med dei sat og steikte kjøt. Dei kraup burtaat og spende børsa. Dette høyrde nok kjerringa, ho, for «det knepp i skogen, far,» sa ho. «Det berre sprakar i varmen, mor,» sa han.

Der vart dei skotne baae to og nedgravne. Grava skal syna seg enno segjer dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.