Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966

Tatervoka

NB! Bilde er kun et illustrasjonsbilde.

For mye over hundre år sidan kom det eit taterfølgje til den einstaka plassen Ingelsrudøya, som ligg i nærleiken av svenskegrensa vest på Ingelsrudskogen.

Tatrane spurde om mat, og det fekk dei av ho Marte, kjerringa der. Og etterpå sette dei seg og vermde seg ved den store gråsteinspeisen. Millom taterkvinnfolka var det ei gamal og sjuk kjerring, som anka seg og gret så sårt.

– Å grater denna stakkar’n for, da? spurde ho Marte.
– Å ho skal møte sin himmelske far i mårå, – svara ein av tatrane.

Og det gjekk ikkje betre til enn at fantane dagen etter hogg hol på isen og søkkte den gamle kjerringkroken nedi Veslesjoen, for di ho ikkje orka reka med følgjet lenger.

Staden der dette hende fekk sidan namnet Tatervoka, og ligg etter austre sida tå sjøen. Denne Veslesjøen er ein arm tå Helgesjøen. — Men det raraste er at der fantane søkkte kjerringa, frys det ikkje att om det er aldri så kaldt.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.