Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Tatt i haug

På slutten av 1400-talet er det fortald at ei jente frå Folstad vart borte. Ho var som sokken i jorda. Ingen hadde sett ho etter at ho var i fjøset og gav kalvane. Det var ved Jonsokleitet.

Så var det ein julekveld at folket på garden sat benka rundt julebordet. Da tusk det uti gangen og døra gjekk opp. Jenta som vart borte steig inn. Ho fortalde da at ho bodde i ein haung borti Sandkleiva. Der hadde ho mann og barn og levde så godt som det gjekk an å leva. Dei hadde stor, fin buskap og sølv i kister og skap. No hadde ho fått lov av mannen til å vera heime på Folstad julekvelden.

Seinare var ho heime kvar julekveld så lenge foreldra levde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *