Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Taura-kongen

I gamle dagar budde ein konge paa Tau. Han heitte Geirmund. Paa Tau syner enno ein gamall køyreveg som dei kallar «kongsvegen»; den hadde Taura-kongen til aa køyra paa. Han gjeng fraa Tau-garden uppyver paa nordkanten av elvi og burt aat elvebreddi eit godt stykke uppe. Der syner merke etter «kongsbrui»; men bru hev det aldri vore so lengje folk kann minnast. I Lauvbrekks-marki paa hi sida elvi syner inkje merke etter veg.

Denne kong Geirmund heldt ein gong ufred med ein annan konge som heitte Eirik. Denne Eirik’en kom med mange folk og vilde gjera ende paa Taura-kongen; men Taura-korgen fór imot han med sine folk og felde han paa strondi i prestagardsmarki. Den staden heiter enno Eiriksstrondi.

Ein gong førde Taura-kongen ufred med Talgje-kongen. I den ufreden bygde han festning paa Borgaasen; tufterne ser ein enno.

Taura-kongen styrde yver Tau og bygdi der ikring; men ein annan konge budde paa Holta og styrde yver Bjørheimsbygdi. Holta-kongen heitte Grim.

Ein gong bar det so til at Taura-kongen og Grim Holta vart uvener. Daa vart det ufred av, og det bar ihop med slag ovanfyr Nerhus, ein stad dei kallar Skredal. Det vart eit fælt slag, og enden vart at baae kongarne fall. Taura-kongen fekk si grav tett med Skredal, og gravhaugen kann ein sjaa den dag i dag; men Holta-kongen vart nedgreven uppunder ein aas som enno heiter Grimsaasen.

Paa den staden som slaget stod, hev dei sidan set skræmsle tidt og traadt. Sume tider høyrer dei fæle skrik. Naar folk reid gjenom Skredalen, hev det ofta hendt at dei vart sitjande og ikkje fekk øyken fram. Dei trur det er dei fallne som enno held paa med den same striden; enno er dei ville og galne og traar etter anna folks liv.

Olgereidi bruka tidt hesten til Taura-kongen. Kvar joledagsmorgon naar dei kom i fjøset, stod hesten aalsveitt paa baasen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.