Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Tauvring

Fyr eit halvt hundrad aar sidan eller vel so det hende det paa ein gard i Dalsbygdi i Skyld at ei ku var burt-komi ein kveld. Dei styrde tausi av stad, ho skulde leita. Ho fann kui og; men kui stod der som ho stod, rett som ho var tauvra. Tausi kunde ikkje faa ho av tverre staden.

So laut ho heim og fortelja dette til hushonden. Han for straks av stad med ein stor tolekniv, og han fann kui der som gjenta hadde sagt. Han jaga paa ho; men det hjelpte ikkje, fyrr han hadde skore med kniven rundt ikring kui. Daa fekk han ho med seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *