Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Tavle-Jakop


Gertrine Giske, dotter til Tavle-Jakop, døydde kring 1890. Ho hev fortalt fylgjande um far sin:

Han var fødd på Grimstad på Ellingsøya i 1734, men voks upp i Sørentunet på Giske hjå faster si, Søren-Synnøve. Sjølv skreiv han seg alltid for Jacob Sørensen Giskegård; men i bygda kalla dei han til vanleg Søren-Jakop, etter tunet han voks upp i.

Det fyrste vande arbeidet han tok til med var å lage ei fele. Han var berre ungguten då Kanseliråd Hans Holtermann som i den tida åtte Giske-godset, vart tidleg merksam på Jakop sine uvanlege evner i ymse kunsthandverk og let han få prøve seg. Giske-kyrkja skulde vølast i 1750-åra, og då var Jakop sett til å arbeide altertavla, enda han var berre knapt 20 år.

Sidan vart Jakop trulova med Johanna Olsdatter Alnes. «Elskhugskrinet» som Jakop laga åt festarmøya si er endå på Bretanus-garden på Giske. Skrinet har både monogram, hjarte og spegel og alt som til høyrer. Det er eit ovfint arbeid. Friarbrevet ligg i skrinet enda.

Då Jakop og Johanna gifte seg heldt dei to brudlaup; – fyrst eit på Alnes og sidan eit på Giske. Ei tid dreiv han som umgangslærar på øyane utanfor Ålesund, men etter at han gifte seg flytte han til Alnes på Godøya, tok gard der og dreiv fiske som dei andre.

Men so hende det ei stor uheppe: Ottringen hans dreiv på land i ein fæl storm og vart knust. Jakop leid her eit so stort økonomisk tap at han måtte gi frå seg garden, og flytte no til Klokkarsund i Vegsund, Borgund, og busette seg der.

I Klokkarsund har han arbeidt fleire av kunstverka sine, m. a. preikestolen i Vigra Kyrkje som er merkt Klokkarsund 1763. Elles finst der endå fleire stader på Sunnmøre både altertavler og preikestolar som Tavle-Jakop hev vore meister for.

I sine eldre år flytte han til Vigra og tok til som skulehaldar att. Der bygde han seg og hus.

Han døydde i 1827. I kallsboka for Vigra vert han nemd som «fattiglem», og trongt og smått var det visst ofte for den gille bygdekunstnaren. Men trass i at han var fatig vyrde folk han høgt på si vis. Det syner både trollsogene som går um han den dag i dag, og so den ting at han vart gravlagd under kyrkjegolvet i Vigra kyrkje, ei ære som elles berre tilkom embetsfolk og ”kondisjonerte”. Han var verd å få «Liggje turt», han Tavle-Jakop, sa folk.

*     *     *

Ein gong skulde Tavle-Jakop vere med og setje fram ein stor båt på Roald. Men folkehjelpa var lita, og båten vassdrukken og tung. Då seier Jakop:

«Haldt rett de karar so skal nok båten fram!»

Dermed triv han tak i framstamnen med vinstre handa, og med den høgre gjer han nokre rare teikn i lufta. Men då fekk båten fart, ja, det var knapt dei andre greidde fylgje han inn i naustet.

*     *     *

Ein gong hadde Johanna, kona hans Jakop, vore til Gjøsund og bede til seg litt mat, og der hadde dei lagt dugeleg i korga hennar. På heimvegen kom ein mann køyrande framum. Ho bad um å få sitje på. Nei, mannen slo på hesten og vilde fare sin veg.

«Ja du skal ikkje bli betre faren du enn eg.» sa Johanna.

Med det samerauk sleden sund, og mannen måtte traske heile vegen radt til Roald.

*     *     *

Kvar jonsokdag tok Jakop alltid på seg sin best; stas og gjek.k upp på Molnesfjellet. Der var han både lenge og vel. Men ingen visste kva han gjorde der. Sume trudde han heldt helg der; for det var endå mange gamle som høgtida jonsokdagen. Andre trudde han då var i selskap med trollmenn. Ein gong han kom nedatt frå fjellet spurde dei han:

«Er der att mange trollkjerringar no?»
«Nej,» sa Jakop, «no er der att berre ei på Budafjellet, resten hev fare syd  um Staden (Statt).»

Fortalt av Hjalmar Synnes, Vigra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *