Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Tåvr

Er det so kyrne står på båsen og ikkje kan lea på seg, so er det truleg dei er tåvra. Kan du stikke fingeren øyra på dei, og dei likevel ikkje blunkar, så er dei daudtåvra, og då er det inga anna råd enn å lese:

Tåvrebøna

«Det var ein gong Jesus skulde ut og vandre. På vegen møtte han ein tåvremann. So sporde Jesus:

«Kvar skal du hen?»
«Til bondens gard å tåvre alt hans fe, både stort og smått.»

Då. sa Jesus:

«Det fær du ikkje! Før skal skal eg smelte di tonn og di tunge, di lever og di lunge, til dess du vil honom og alt hans likeso vel som deg sjølv.»

Denne bona må lesast tre gonger over salt, og for kvar gong skal ein spytta. Saltet skal knøast inn i deig og gjevast kua. Og so må alt gjerast i dulsmål.

M. B. 1898.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *