Kilde
GUTEDAGAR
Alf Sundsbø
Klikk her for å lese Føreordet
A/S E.K. Hansen Eftf.
Aasgård & Sønn – Mplde 1981
Tekningar: Knut WOldsdal
ISBN 82-90393-05-9

Telefonbruk

Vi hadde ein liten rikstelefon-sentral med nokre abonentar og to
rikstelefonlinjer i heimen min i dei tider. Det var mor mi som stod som
styrar for denne. Men vi hadde berre ein boks til sentralen. Og det var
så alt for lite når det sat 10-12 mann på slovetrappa og skulle ha
langvegs-samtalar til Stavanger og Bergen. Eg hugsar endå at mor lånte
bort mikrofonen sin stundom til ein av oppkjøparane, for at det skulle
gå fortare undan. Ja, eg hugsar og ein stor, svær kjøpar frå
Stavanger-kanten som ropte så høgt i telefonen, at Ludvik og eg meinte
at han trong ikkje telefon. Han kunne berre gå ut på stovetrappa og
rope, så høyrde dei han i Stavanger. Men knipen var han i alle fall
ikkje. Han hadde ein gong ein langvegssamtale med il til Stavanger, som
kosta 20 kroner. Mor kvidde seg for å fortelja han prisen. Men han
berre lo og gav henne to kroner i tillegg, — fordi ho hadde vore flink
jente, som han sa. Men det var ein fæl pris i våre auge den gongen, vi
som tykte det var mykje å legge ut 30 øre for ein samtale. 20 kroner
spelar ingen rolle, når ein kan gjere ein god handel på eit heil
sildesteng, meinte mannen frå Stavanger, og han hadde nok rett i det.

Det var i desse tider at mor tok med seg det gamle telefon-pengeskrinet
på soverommet sitt om natta. Ein kunne aldri vite kva som var folk
eller fant, meinte ho. Det var så mangt som rak etter vegane. Og i
skrinet kunne det somme dagar vere over 100 kroner, ja stundom nærare
200 kroner, og det var mykje pengar i dei dagar. Det var best å vere
varsam.

Sild var her i alle fall, og det såg ut til at det frettest. Det kom
notlag frå Selje og Sunnfjord, frå Sogn og Strilelandet. Vi kalla alle
desse som høyrde heime sørom Stad, for Søringar. Dei var reine måsar
til å finne silda, og lynsnare til å kaste når dei hadde funne ein
topp. Lange og djupe nøter hadde dei og, så det var mest vonlaust for
notlaga våre å konkurrere med dei i fangeting.

Og så var det no desse «raringane» som heitte notbåtar, då. Både Ludvik
og eg måtte vedgå at det var svært praktiske båtar, endå om dei var
«stygge». Karane slapp å ta etter nota når dei kasta. Ho gjekk av seg
sjølv over rullen i bakenden av håten, og farta på kastinga bestemte
føraren av båten. Båten vart også nytta til å drage nota til land. Om
karane hadde vore uheldige så det vart bomkast, så var det lett å take
nota inn att over rullen. Dertil var lugaren framme så stor at det
kunne liggje fire mann der. Dei andre fire låg i lugaren på deksbåten.
Det var oftast berre 8 mann på eit Søringslag, men dyktige karfolk var
det i alle fall. Og silda fann dei så sant ho fanst i sunda og vikane
her ute. Det vart etter kvart mindre og mindre på dei som budde her.
«Søringane tek opp alt som finst av sild,» sa han Tobias, sputta og sa
tvi. «Ingen ting å gjere med det, — Tvi!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.