Internt referansenummer: 24.01.09 – A

Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ MODUM
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 97
Av: Jakob Andreas Samuelsen
Tilrettelagt av Kai Hunstadbråten
Universitetsforlaget
Oslo 1966


Klikk her for å lese kortfattet biografi om Jakob Andreas Samuelsen

Tenestefølk

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Det var flere ærbesfølk på gårdane før i tida enn nå. Jenter frå Hallingdal og Telemark var jamt budeier her. Dom bau si fram sjølve eller vart bedt om å ta teneste, ettersom det høvde. Tenestefølka spurte si jamt føre om prisen på bondeærbe. Fløttedagane var sommarsdagen og vinterdagen. Dom skulle væra te vinternettene. Tenerane fekk to eller tre, somme tider fem kroner i festepenger, og av gammalt låg nok tenerane i fjøset. Tenestejentene låg itte i fjøset herover i seinere tid; men det gjorde dom på Ringerike før omtrent 50 år sea. Her i bygda låg tenerane vinterstid i bygningen ein stann i slagbenker. På alminnelige bondegårder åt høspen (husbond) og tener i lag av gammalt.

Tenerane låg i krypinsenger herover før, kan ein annen førtælja. Dissa kunne væra i to høgder over inann, så som på Dølahaugen, eller krypinseng over og veakassa under, så som på Hagabråtan. Det var itte no om å gjøra om gutter og jenter måtte ha sams soverom.

På Modom var det alminnelig at tenestejentene følgte med plogkaren når ‘n pløgde, og så grov dom med grev der plogen itte fekk tak.

Dom var strenge med unger og tenestefølk når dom itte akta si og tro (tråkka) på dørastokken, eller svilla, som de gamle sa, Detta var så seint som i 1870-åra.

Følløgsmann var namnet på livøremann.

Husbondsfølka hadde som i’ slags ansvar for åssen tenerane skikka si utenom ærbe og, og var det for my flyging og leven av førskjellig slag, sa dom ifrå når det var no dom itte likte. Av gammalt holdt husbonden ‘i slags hustukt over tenerane. Bordbønn vart og brukt somme stann.

På Modom brukte dom namn som budeie, ønnejente, slåttekar og slåttekjerring, høling (gjeter), husholdersk og femari (den siste var med og tok etterrakstene når dom kjørte høy).

Slåttekarer kom mangenstid og bau si fram sjøl. Dom høldt si med ljå sjøl au, og det råkte og atte dom hjælpte te med anna ærbe.

Husbonden sjøl laga te malt og brygga. Slåttegrauten på Modom var hveitemjølsgraut med litt rømmegraut oppå.
Når non tok på si krøtterstell før, festa dom si på året med tre måneders oppsigels. Reste ‘n på halvåret, var det som ‘n itte ville bie hos følk. Det var ingen visse fridar før tenestefølka, aldri ein fridag uten å spørja om lov.

Mange stann var det slekk av gammalt atte når ‘n var ferdig med ønna sjøl, hjælpte ‘n dom som hadde att no.

Mann på gården skulle helst så sjøl og stå for uteærbe ellers, men kjerringa sto for fjøsstellet, matlaginga og anna inneærbe. Men mann laga te malt og sto for ølbrygginga. I gammal tid var kvinnfølka herover med og slo sund møkk på grasmark og liken ens med og sprøyta møkk. Kvinnfølka slakta kælver au mangenstid.

Vi har prøvd å komme i kontakt med etterkommere etter Jakob Andreas Samuelsen uten hell. Hvis noen som leser dette kan komme med opplysninger slik at vi kommer i kontakt med etterkommere setter vi stor pris på om dere tar kontakt med ww.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.