Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Tenestgut på Mjelland

Før va dæ slik at ongein budde heime te dem va så gamle at dem konne gjørå nytte fe seg. Eg va på Mjelland o gjette da eg va ti-ølløv år. Dæ æ nå søtti år sea. Løna va tjuge øre dagen o kosten, o pengein måtte eg levere heime.

Hjuring va dæ fyste ein va hær i livet, o dæ va dæ siste! Når ein blei så gåmmål at ein ikkje orka støre, så blei ein sett te o gjete.

Dæ va nå bærre ein tur eg gjette fe andre, elles va eg mæ mor på stulein. O dæ samre va dæ mæ dem andre heime. Eg tok tenest før eg va søtten-atten år. Da feste eg meg som tenestgut. Eg va mykje på stulein o arbedde heime, fe far ha si lystring o nokkon måtte onne. Men eg va au ute på steinplukking på ækrun på gardein, på eplesett o forskjelligt. Dagløna va tjuge øre o kosten. Turevis va eg på forskjellige stellu — på Bergen, Rui o Mjelland kjørde eg bruk frå Kålidalen. Men så slutta tenestguten på Mjel¬land, o eg som ha vori dær turevis, overtok ette honom. Han sku gifte seg o dæ va helst da dem slutta. Dæ va ikkje så ofte dem skifte tenestfolk på Mjelland. Ei jente tende dær i femti år o ei anei va dær i ti år, o ho slutta fe ho sku gifte seg. Dæ va snille folk på Mjelland, o maten va omfram god o dæ va godt stell. Dem stula sjåve o sanka fe veten.

Dæ fyste målet me fekk, va bisk (det første måltidet på dagen). Da va dæ kaku, smær, prim o ost, o dærte kaffi. Te dugurd va dæ graut o mjålk, så va dæ meddag — hell ondul som me sa, o da va dæ stekt flesk, duppe, kurv, eple o suppe. Dæ kunne vørå sild o eple te meddag — bra mat elt sammen. Meddagsmaten konne variere, men dæ va mykje selt mat. Dæ blei ette vert slutt mæ o selte ned kjøt o flesk fe tedeils va slikt gåmmålt når dæ kom på bordet. Dæ blei bruka meir færsk mat. Men dæ va ein skikk at gardein sku ha nok mat i buret.

Om såmmårn va dæ økt (måltid om lag klokka 17 om sommaren), o eg minnes når den blei innførd. Når dem bynja mæ økt på ein gard, så måtte andre gardar bynje mæ dæ o da blei dæ ein skikk.

Dær på Mjelland båkå dem kaku, men dæ va mykje flattbrød. Ein par gonger i året kom dæ ei bakstekjæring, o dæ blei båkå upp store haugar mæ lefse o flattbrød. Dæ va mest rå kaffi o få kjøft så folk måtte brænne sjølve. Kaffi va dæ bra mæ på gardein, men på ein plass dær dæ va lita råd, måtte dem vørå forsiktige o blanda kønn o turka eple som dem mól sammens mæ kaffin.

I denne tja kjørde eg varelass frå Notodden o te Tinnose, ja, eg ha nå lass frå Heddal au. Når det ein dag ikkje va nokko støre o gjørå på Mjelland, konne eg reise te Notodden o hente et lass mæ varu. Varun sku te Tinn o Hovin, o me kjørde te Tinnose dær båten «Rjukan» tok dæ att. Men dæ va mest heddølar som kjørde varu. Dæ va ei krone fe hondre kilo, o et las vóg fem-seks hondre kilo. Fe ein slik tur blei dæ fem seks kronu, men eg fekk ikkje nokko fe kjøringa fe eg ha mi løn på Mjelland.

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.