Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Tidi


Geiteauga var klokka vår når me gjætte i tjukt ver. Når augesteinen i geiteauga var trillande rund, var det dugurd. Då var kl. 11. Når han tok te bli langvoren, tok det te dra på kveldsøkti.

Me hadde ogso ein annan måte å få vita kor langt det lei. Me stelte oss mot soli på ei flate og kasta eit merke, ein stein, ein pinne eller anna so langt skuggen gjekk. Etterpå la me oss ned utan å flytja føtene og mælde skuggen. Var han då likt lang ved oss, var det dugurd.

På stolen hadde dei ofte solur i eit glas som snudde mot solgangen. I nedre glaskarmen laga dei rispor etter kvart skug¬gen fløtte seg, te visse tider.

Dei såg elles etter kvar soli stod. I Vestringsgardo var soleis klokka sju når soli leika på Nordåkhusi. Når soli stod over Bonset, ein heimstøl te Nedre Huse, var kl. 12.

Kortaste dagen i året er solkverven. Han er tre dagar føre joleeftan. Lengste dagen i året er tre dagar føre jonsok.

I gamle dagar brukte dei mykje stjernone te klokke. Men ei tid på året fløymde dei, dei gjekk fortare. Då var det ikkje setjande med dei, so ein kunde ikkje bruke dei te klokke i denne tidi. Han far gjekk sikkert etter stjernone, han. Men korkis han «las» tidi, har eg gløymt. Eg veit berre at morgonstjerna kjem upp sør i dalen ved kl. 5.

Attåt morgenstjerna veit eg at dei gamle brukte Vangen, Vangsstjerna, Fiskekallane og Sjustjernone te klokke.

Nokre gamle daganamn kjem eg i hug. Dei gamle tala um tippetysdag, øskeonsdag og klubbetorsdag. Kva tid dei var, veit eg ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *