Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Tidleg farlaus

Husa på Hålon va, som eg sa, gamle. Dæ blei ikkje stelt på dei. Da eg va sju år, døde far. Han fekk lungebetennels åtte dågår fyri jol, å så døde han. Mor sat att mæ meg å to systrar, Stor-Imbjør å Vesle-Imbjør.

Sjølve stugo ha to rom, stugo å kåvå. I ein krok i stugo va spissen, å i lyset frå spissen sat far å gjorde tresko. I stugo sto høvelbenken te far å vevstolen te mor. Dei trong plassen i stugo så dæ va ingen møblar dær. I kåvån sto dæ ei seng mæ ein skuff onder, å i den låg me ongar. Elles var dæ et skåp, et bord, kubbestol å ein krakk. Skive va dæ ikkje i dæ rommet fe dæ va ikkje plass fe slikt. I sengja va dæ hælm å ivibræsla va skinnfellar. Parafin te belysning ha me ikkje. Lyset frå spissen fekk klare seg, men te jol støpte mor lys ta sauetalg.

Me sette poteter å sådde litt bygg. Dæ va ingen skikkeleg låve, berre et rom fe høyet å dæ vesle som blei ta kønn. Me ha au et fjós fe kjyra å sauen. Når far sku treskje, måtte han bera kønnet te Haugan å dengde dæ dær mæ ein flygjil. Kønnet blei sammale — dæ blei så groft at når mor koka graut, sat klompan fast i hæsjen. Dæ va mykje sult heime, men slik va dæ fe alle fatigfolk i den tia. Eg ha mange vendur krabba te sengs som gutongje uten å få ana mat enn potet å salt.

Potetkvern. Foto: Norsk Folkemuseum. Eier av objektet: Norsk Folkemuseum.
Lisens Navngivelse, del på samme vilkår (CC BY-SA) Navngivelse, del på samme vilkår (CC BY-SA)

Dæ va liten skogstrafikk i Omersdal. Dæ va ingen brukshogst å ingen kjøring. Dæ va fe langt onda skikkeleg vassdrag. Folk frå plassar arbedde på gardan dær plassen horde te. Heller ikkje va dæ støre mæ jakt å fiske. Folk fanga nok rupur om veten mæ snuru, å i tja fyri Kongsbær- å Skiensmarken kåm dæ oppkjøparar. Dæ reiste heile lassa mæ rupur å skinn frå Omersdal. Prisen fe rupa va femti øre. Fisk konna ein få, å me som budde innmæ åi, fiska litegrann. Eg konna gå mæ fiskestongja ein kveld å få bra mæ fisk når dæ ikkje va ana som sku gjerast. Men leveveg fe folk va dæ ikkje.

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *