Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Tidrekning fraa fjellbygdi i Gand

Endre Tveito (fraa fjellbygdi i Gand) var stam. Og alltid hadde han so mange gamle merke aa halda seg etter.

Ein gong var han rutemeister og var paa sessionen. Daa var det ein av dei unge karane hans som hadde gløymt av alderen sin. So spurde dei rutemeisteren um han kunde segja kor gamall han var.

Fyrst haatta han ikkje kva det var dei spurde um, og laut spyrja uppatt. Daa han so fekk tak i kva det var, so sa han: «Kva aar han er fødd? Jau det veit eg. Han er fødd det aaret daa dei Tveito laut aat slaattarne deira Aareskyld etter merri.»

Ein annan gong skulde han fortelja kva dag det var ein ting hadde hendt. «Det var nett den sundagen fyre den maandagen daa dei Aareskyld gløymde sleppa ut smalen. Elles var det den sundagen som den store vatsflaumen var, daa vatnet rann den andre vegen; det rann inn i lødo mi i det nordøystra og ut i det sudvestra hyrna. Ja elles var det den sundagen daa dei song den salmen: O Jesu for din pine,» sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.