Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

TIENDE-KORNET

I Vasslia budde eingong ein husman, han heitte Eirik og var skomakar.
Som med så mange husmenn den tid stod det skralt til med levemåten. Han
hadde mange born å metta, og smått var det for dei.

Ein gardmann frå same grenda kom til presten ein dag og bad han å ta seg ein tur heim til husmannen og sjå kor dei hadde det.

Presten Smidt la i veg med det same, han var ikkje tråbeden, gamle
Smidt, når han høyrde nokon leid naud. Presten sa til husmannen at han
skulle få av tiende-kornet, 1 tunna til matmjøl og ½ tunna til grisen.
Han hadde ein gragalte.

Husmannen var meir enn glad då han kom dragande med kornet or
prestegarden. Brødkornet fekk han male i Dugstadfossen, no hadde han
mjøl både til graut og til å baka av.

Men kornet som grisen skulle ha, laga han seg malt av. Då han skulle ha
oppskåka på ølet, kom mange av grannane til han, og der vart drikking
til langt på natt. Ølet var sterkt, og karane slåka i seg og vart ørne
og galne. Då ølet tok ende, såg det ut som ei slagmark, både inne og
ute.

Sundagen fekk presten høyra at husmannen hadde bryggja av kornet han fekk og laga uro i grannelaget.

Presten Smidt sela blakken og køyrde heim til husmannen. Og då fekk han sjå kor dei hadde grisa til alle stades.

– Ja her ser ut! sa presten til Eirik.
– Å, du skulde berre ha sett oss i går du, svara husmannen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *