Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Til den veneste gjenta i Hallingdal

Henrik Wergeland har skrivi (på hallingmål) denne songen til den venaste gjenta i Hallingdal. Han er å finne i «Langeleiken» hans — ein krans av dikt i dølemål. Wergeland reiste gjenom Hallingdal ein gong. Han var t. d. på Selsberget, det storslegne utsynsreset i Ål. Det står i eitt vers: «frå Nes til Gol. Dette er visseleg ein skrivefeil for «frå Nes til Hol» — «frå Flå til Hol» skulde det eigentleg stå. Songen går på tonen: «Marki granas, snjøen brånar».

Nebnast skal tå me ho inkji, ho som prisen bera skal
so dess fleire vene augo glema kan i Hallingdal.
Å dess fleire fagre kjaka raune kan som ros i sol,
for det er nok mange slike i frå Nes og alt til Gol.

Å kor finst den vene gjente som trur inkje um seg sjøl
at ho gjevast æ tå alle liksom gull imyljo sylv,
liksom bjørkji myljo græno, at dæ æ umogele
nokon an’ meint kan vera når dæ talast so tå me.

Ho e meina har no augu like markjis klukku blå,
glemande i morgodoggji, tænna just som mjølk å sjå,
smiledekka som det håle i eit rosehla, og mål
klingande som når ein gullring ringla i ei sylverskål.

Henna let æ kvite jukuls, raunande i morgons brand,
håre har ho i ei krune, fletta um mæ raue band.
Det er gylt som solestrålur, som ei dronnings kåpe si’,
va e no ein liten blome — døy vilde e der-i.

Levandes ho æ som hekken, rak som einstak syljuvånd,
arbei går som kulu trille unde hennes flinke hånd.
Grasstråe’ som stålfjør era unde henna’ lette fot.
Tenk de’ henne då i dansen! Dans med henne har du mot!

Jedne tå glaverugt hjarta kvæ ho mæ trollemakt,
som um huldres beste langspel va i hennar bringe lagt.
ho kjenne tona’ fleire enn ein minnug talatrost,
e nok trongji fleire visu før e henne fullt fekk rost.

Åtte gull og sylv so skulde e vel henne gjeva då
slik ei prektig brurekrune som det skulde ljuse tå.
Men då berre vers e eige kem skul’ dei tehøyre då
— an’ enn den venast gjenta e i Hallingdale’ såg?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *