Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”

Timberneset på Fyrde

Inne på Fyrde er ein plass nede med sjøen som er kalla Timberneset. Her var opplagsplass for timber og bord då dei skipa ut trelast til Holland. Det var i tida kring 1610-20 då han Karstein Jonsson kom til Fyrde.

Her har vore mangt eit blodbad på Bolleberget. Han bestefar fortalde etter sin bestefar at i gamle dagar var her om hausten so sturtande mykje hjort. Han kom i flokkevis utanfrå strendene og måtte forbi oppe på Åsane. Dei hadde då laga til ei timberkvie i sjøen kring Bolleberget og utanfor Hammaren, og så sette dei jag etter hjorten og jaga han nedi hylla, og så jaga dei han på sjøen. Dei kom seg då ikkje over timberstokkane. Dei fanga der dei største og beste dyra og slakta og drap som mykje dei vilde. Det kunne kanskje vere på hundrevis. Dei små og skrinne kollene sleppte dei ut att, så dei fekk symje i land og for til skogs att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.