Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

To kyr på samme båsen

I Galåen ved Røros sto det frå gammelt eit sommarfjøs i Kåsgeilan. Det var aldri roleg i det fjøset. Kyrne fekk ikkje stå i fred på båsane, og det var serleg ein bås som kua aldri fekk stå i fred på. Ein morgon var kua løyst som vanleg, men no var ho bunde i hop med ei av dei andre kyrne. Dei var pressa i hop i same bandet og sto sers trongt.

Ola Gropen kunne gjera åt for slikt. Han vart beden koma. Han var ikkje så grei denne floken. Fjøset måtte flyttast til ny tuft. Før ville det aldri bli bra.

Koa som sto på urosbåsen senda landet og møkka rett nedpå bordet ”åt nøn andre”. Derfor var det best å koma på ny tuft.

Gropen fortalde dette til Kornelius Sandnes ein kveld på gruva.

Ein varning

Det var også ein svenske mellom karane på gruva. Ein dag såg Gropen at svensken kom gåande framom glaset i brakka, men han kom ikkje inn. Dette tykte Gropen var rart. Svensken bruka alltid koma innom.

Noen dagar seinare kom han inn. Gropen spurde da om grunnen til at svensken ikkje kom inn dagen før. Men svensken hadde ikkje vore på gruva den dagen.

–    ”Det var nok ei varning,” sa han.

Noen dagar seinare var svensken død. Det var feigda Gropen hadde sett.

Noko til handverje

Ola Gropen var ein kraftkar og famntakar. Han var ein av dei gode, gamle kjempane.

Om vårane tok han gjerne arbeid som tømmerfløytar. Dette var arbeid som måta han.
Ein vår var han med som vanleg, og da dei var ferdige vart det fest med brennevin og mykje moro. Men moroa vara berre til krangelen kom til. Da vart det slagsmål.

Ola Gropen hogg tak i besmal – ein rett storbesmal – og ville kuste unna med han. Han tykte nok besmalen var dugeleg tung, og da han skulle sjå etter hang kroken fast i brokabaken på ein av dei andre karane. Skankane til karen dingla kring øyrestolane på han som skulle ha dasken. Det var noko til handverje.

Tegning av Anders Krigsvoll

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *