Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Tolleiv Sjåheim

Tolleiv Sjåheim eller Tuv, i Hemsedal, køyrde ein morgon til støls etter høy. Då han kom til Dygarden nedenfor Lio bråstana hesten og Tolleiv kunde kje få han eit steg lenger. No skal det hjelpe i slike høve at ein går fram for hesten og stirer imillom augo på’n. Tolleiv so gjorde, og um ei stund sette hesten avgarde og var reint villstyren. Det var nok eit eller anna skræmelegt som ikkje var synlegt for vanlege menneskje, hesten hadde set, trudde Tolleiv.

Kona hans Tolleiv fekk barn ein gong og sea var det jamt so heidsleg uregt der i stugun. Natt og dag var det noko på ferde. Tolleiv fekk so barnet til kyrkja til kristnings, endå det var ikkje meir enn 8 dagar gamalt.

Sea var det ikkje noko ståk eller bråk der i stugun, og mor og barn unte framifrå. Mori hadde elles vikla inn i barnelinden ein sylv-tvoskilling, nåler og anna, som var svært vanleg i dei dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *