Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Tølløv Snerta

Tølløv Snerta var so godt umtykt baade taa offiserane og kameratane. Han var so gladlyndt alt meine. Og dertil var han so mjuk og leug. Ein gong var han hardt i fikten. Svenskane var etter honom, og han sprang paa berre livet. Naadde so ein skigard, og med han so skulde springa over, tok bandtleret atti øvste skia, og han vart hangande. Daa naadde svenskane att, og ein taa deim hogg etter honom og raakte berre bandtleret, so han Tølløv kom laus att. Daa kom han seg unda.

I eit slag vart han berrbeint; men i utkanten fekk han sjaa ein svensk offiser som laag der skoten. Drog so burt til og tok støvlane og sette paa seg, for denne daude offiseren trengde dei no ikkje lenger. So sundagen etter fekk han bod han skulde til kapteinen. No skal du sjaa, tenkte han, no var det full gali med desse støvlane, og det vart full straff aa faa. Og gaa laut han; men han var ikkje mykje høgføtt, daa han melde seg paa garden der kapteinen budde. Ute i gangen raakte han løytnanten. «Kaften’ har sendt bø paa meg. Det er full naa gali om aa gjøra da ve’,» sa han. «Ikke denne gang, min kjære Tølløf,» sa løytnanten, «han har hørt du skal være saa flink til aa danse, og nu maa du gjore dit beste.» «Høh! Ittnaa anne?» sa’n Tølløv og gjekk inn. Der var det mange høge offiserar og fine damor, og paa eit bord stod det drikkandes taa alle slag. So slo dei i eit glas aat han, og han drakk. Mergjeleg godt var det; men her var det best aa passa seg, tenkte han, elles kunde det bli for mykje. Kapteinen hadde tri døtrer, og dei vilde dansa med’n Tollov alle tri. Den fyrste var so lideleg tung, sa han, so henne likte han ikkje, og verre gjorde han seg, so var han snart ferdig med henne, og den andre fekk og dansa metta si. So kom den tridje, og daa vart det dans, «for ho var jemngod med meg gut, og lett som e fjør,» sa han. Daa ho hadde faatt dansa metta si, vilde dei ha eit rundskast, og det greidde han over to stolar utan aa koma atti deim. Daa fekk han ein daler.

I det boklege hadde han ikkje so godt for seg, for han gjekk og las i Rendalen etter han kom att fraa krigen. Daa stod han i full mundur paa kyrkjegolvet den dagen han var konfirmerd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *