Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Tombåsen – Det var ei ku som ikkje plitta på båsen…

At han Nils Jonso på Tveråmoen (Saltdal) var det ei utid på same viset; det var ei ku som ikkje plitta på båsen. Dei kunde gjera det kor dei vilde med bandet; men ho var komen seg laus og stod frampå tilet kvar bidige morgon dei kom i fjøsen. Og han Nils som laut plagast med bandet, var både heit og harm mang ein gong. Ja, so var det ein dag han låg i båsen og møddest med dette kubandet, han la på ein støing, og spurde kva slikt skulde gjera godt for. «Koffer let døkk’r inkj kua få stand i maken?» Denne same gongen skaut han lauskrut, både gjenom glugga, og under kua.

Kor det gjekk dette, um det vart noko betre, det har eg ikkje noko kjennskap til. Men jamnast skydde dei når ein let dei høyra bannskap; for slikt kunde dei ikkje li. Det same var tilfellet um ein bruka Gudsord på dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *