Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Tombåsen – Ho akta seg vel for å set noko i tombåsen…

Ho Kristine Hanst på Langset akta seg vel for å set noko i tombåsen. Men so fekk ho ny terne, ei som heitte Lydia; og denne syntes det var berre tull dette å ha ein bås standande for ingen ting. Og ein dag dei gjorde fjøsen, ho Kristine og ho Lydia, tok terna og sette tome kumathølkje i båsen. Men det kunde ho ha spart seg; hølkja kom dansande fram kvar eitt og eitt. Men ho Lydia gav seg ikkje med det; ho sette dit att eit einsleg hølkje, vilde sjå um dei reppa det; men ho hadde ikkje før snutt seg, før det kom sendande or båsen. Då baud ikkje ho Lydia på oftare (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *